-Me har lyst til å gjere noko godt for eldre, seier konfirmantane Gunn Maraas, Sunniva Oma, Yvonne Kongestøl og Ine Koløen Alsaker til Fitjarposten.no

Dei fire ungdomane har valt diakoni som ein del av konfirmasjonsopplæringa si, og vil i samarbeid med Inger Marie Gilje frå Soknerådet si diakoninemnd, og bibliotekar Elin Siglen, hjelpe til med å gjere kvardagen betre for dei gamle. Å bringe og byte bøker og lydbøker, eller besøkja eldre som ønskjer besøk, er berre noko av det dei vil bidra med.

-Vonar at dei eldre blir glade når me kjem, smiler jentene.