Anders Kjellesvik og Andreas Siqueland, som saman utgjer kunstnargruppa aiPotu, deltar i kunstprosjektet Five Thousand Generations of Birds. No vil dei gi vekk noko av kunstprosjektet sitt.

– I prosjektet vårt brukar vi eit fullvakse grantre (ca 22 meter) på ein av holmane i Fitjar-skjergarden. Vi vil i ettertid av prosjektet ha behov for å bli kvitt grana, og tenkte at nokon kanskje var interessert i å få ho. Vi kan ordne det slik at treet blir transportert til land der det kan hentast,  f.eks. mandag 13. august, skriv Kjellesvik til fitjarposten.no.

Kjellesvik kan kontaktast på mobil:  976 00 993.