Ordførar Harald Rydland og varaordførar Sigurd Andre Maraas. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Korleis skal me gjera Fitjar til den mest attraktiv plassen for unge familiar å etablera seg?

Det spør ordførar Harald Rydland, som saman med varaordførar Sigurd Andre Maraas, no ynskjer å setja saman eit tilflyttarpanel i Fitjar.

– Fitjar, med alt det bygda har å by på, skal vera ein god stad å bu i for folk i alle aldrar. Dei siste åra har me med glede sett at fleire unge famililiar har komme til Fitjar for å etablera seg, gjerne etter å ha vore ute i verda og teke utdanning, fått erfaring og funne ein som dei vil dela livet med. No vil me gjera ein ekstra innsats for å få enno fleire unge familiar til å busetja seg i Fitjar, skriv Harald Rydland i ei pressemelding.

Han fortel at tilflytting er avgjerande for at lokalsamfunnet skal ha positiv vekst og utvikling i åra som kjem. For kommuneøkonomien er det og viktig at ein har mange barn og unge i kommunen. 

Vil du vera med?

– For at Fitjar skal vera ein attraktiv plass å busetja seg for unge familiar, treng me tilbakemeldingar på kva som er bra og kva me kan verta enno bedre på.  Dei beste til å gje oss innspel på dette trur eg er folk som dei siste åra har komme frå ein annan stad og teke flytting til Fitjar. Dei ser Fitjar med friske auge og kan ha nye impulsar og gode idear med seg, skriv Rydland.

Difor ber han folk melda seg om dei kunne tenkja seg å vera med i eit «tilflyttarpanel» som kan gje kommunen gode råd om kva som skal til for at enno fleire vil flytta til Fitjar.  Panelet skal ikkje vera eit formelt organ, men meir ei uformell samtalegruppe der ein kan dela gode tankar og idear.

– Gruppa bør vera sett saman av folk med variert bakgrunn og interessefelt, og det er bra om me kan få med deltakarar frå ulike kantar av kommunen, avsluttar Rydland, som oppmodar folk til å melda si interesse.