At elevane på Fitjar vgs lagar peparkakeby er ikkje noko nytt. Det nye er at dei vil lage han i 2. etasje i Larsenbygget – og at dei oppfordrar folk til å vere med på å byggje byen.

Elevane på Barn og ungdom med Nina Moe Bakke, David Vikanes, Rezvan Kadir, Borghild Lie Økland, Silje Johansen og Camilla Vinsjevik i spissen fortel til fitjarposten at dei vil starte arbeidet laurdag 2. og søndag 3. desember.

Då vil dei både ta i mot peparkakehus frå folk som vil ha dei med «i byen» og byggje det heile opp etter kvart. – Kjem ein med peparkakebygg seinare i desember, kan ein berre setje dei på golvet, så vil elevane finne god plass til dei etter kvart, får me vite.

Det heile vil gå føre seg i gangen mellom Cafe Annemor og Hårloftet. Bygningar som vert levert av folk må vere merkte med namn. Om nokon lagar peparkakemenn, kan dei komma med dei til elevane, så vil dei få namnet sitt skrive på før peparkakemennene vert sett opp i ei utstilling for seg sjølv.

15. desember vert siste laurdagen ein kan kome med kakemenn eller kakebygningar. Då skal utstillinga gjerast ferdig.

Premiering vil skje laurdag 21. desember. Då vil det òg vere mogeleg å kjøpe seg julegrøt hos Cafe Annemor.