Fitjar Frivilligsentral treng engasjerte vaksne til å vera badevakt på måndagsbading. Er det noko for deg?

Dei som melder seg får:

Gratis sertifisering og kurs.  God møteplass for andre engasjerte foreldre eller enkeltpersonar. Det er to vakter kvar gong.

Vaktlistene følgjer skuleruta og held fram til ca. påsketider, og oppstart igjen på hausten.

Det er mange som ønskjer badetilbodet tilbake, men utan vakter kan vi ikkje starta. Vi manglar fortsett 12  personar.

Meld frå til Fitjar Frivilligsentral tlf. dagtid: man – tors : 971 43 785 eller sms. Epost: frivillig@fitjar.kommune.no