Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Våren 2020 skal Fitjar kommune velja eit utval av meddommarar til Gulating lagmannsrett, Sunnhordland tingrett og jordskifteretten.

– Innbyggjarane i Fitjar kommune vert oppmoda til å føreslå kandidatar til desse verva, etter domstollova § 67. For å melda inn forslag til kandidatar, evt. melda deg sjølv, kan du senda e-post til fitjar@fitjar.kommune.no – innan fredag 22. mai 2020, skriv Fitjar kommune på si heimeside.

Kriterier for å kunna bli meddommar etter domstollova § 70:

  • Folkeregisterført i Fitjar kommune
  • Over 21 år og under 70 år pr. 01.01.2021
  • Statsborgar i Noreg eller anna nordisk land

For å finna meir opplysningar om meddommarordninga, kan du lesa her: https://www.domstol.no/straffesak/aktorene-i-retten/meddommer/