Handballen startar snart opp att, men fleire lag manglar trenar, fortel leiaren i handballgruppa, Ronald Hareide. Førstkommande tysdag har handballgruppa styremøte, og då håper dei å få på plass trenarar og oppmenn til alle laga. Til oppmenn reknar dei med å finna vaksne folk, gjerne foreldre til spelarar. Til trenarar har handballgruppa ofte brukt ungdommar, som på denne måten får verdfull leiarerfaring. Ronar vonar det vil melda seg ungdommar som har lyst å gjera ein innsats.

Dersom du kan tenkja deg å vera handballtrenar, kan du ta kontakt med Ronald Hareide på telefon 416 41090.
Eller møta opp på Fitjar Fjordhotell tysdag 24. august kl. 19.00.