Den som spør, er den nytilsette kantoren i Fitjar kyrkje, Jan Overweg.

I sommar har Jan Overweg blitt tilsett som kantor i Fitjar i 65% stilling og er motivert for å etablera eit blandakor som først av alt skal vera ein del av gudstenestelivet i Fitjar kyrkje. Vidare vil det naturleg å vera synleg på t.d. julekonserten og ved andre høve.

Kantoren trur at tida er moden for å starta eit kor no. Koret vil vera ope for vaksne i alle aldrar, og øvingane blir i Fitjar kyrkje kvar onsdag. Det er ikkje ei ulempe, men heller ikkje krav om å kunna notar for å vera med.

Det blir oppstartsmøte onsdag 2. september kl. 19.30 i Fitjar kyrkje.

Dei som vil vera med, kan møta til oppstartsmøte eller melda seg på ved å ta kontakt med kyrkjekontoret.