Då kan du lese dette og bli med på tur komande søndag.

Søndag 17. juni vert Villblomens dag arrangert rundt om i landet. Botaniske foreningar samarbeider ofte med lokale interessegrupper og lagar opplegg til turar med varierande reisemål frå år til år. Det er spennande å studere ville blomar, sjå kor vakre dei er og kor dei veks, noko som blant anna er avhengig av klima og geologiske tilhøve. Det biologiske mangfaldet i Sunnhordland er stort. I 2008 kom det ein rapport som er tilgjengeleg for alle, der mangfaldet er kartlagt for Stord og Fitjar. Du kan lese meir på www.naturbase.no   Plantelivet på øya er spesielt med både kyst- og fjellflora. I tillegg ser ein at nokre planter har si austlegaste eller nordlegaste utbreiing her.

I bladet Sunnhordland står det at Sunnhordland Botaniske forening arrangerer tur til Spissøy komande søndag. Der er det vakker og mangslungen vegetasjon med sjeldne planter og rikeleg med botaniske perler, skriv avisa. Turen er open for alle og det krevst inga påmelding. Du kan lese meir om dette i torsdagsavisa. I fjor inviterte Bergen Botaniske forening til tur på øya Hiskjo i høve Villblomens dag. Biologisk mangfald kan vere kjelde til rike naturopplevingar. Du vil sikkert erfare noko av dette dersom du tek turen til Spissøy.

Mange opplegg på Villblomens dag er tilpassa barnefamiliar. Me har og lese om opplegg der ein får med seg historiske godbitar. Fleire stader vert det annonsert at lokalkjende botanikarar blir med på tur.

Villblomen får kvart år sin eigen søndag i heile Norden, og det er nitten år sidan første markering i Danmark.

produit anabolisant