I så fall kan du få sjansen no, for Fitjar Racing Team sel lodd på ein Ford Mondeo løpsbil med 170 hk.

Pressetalsmann Sigurd André Maraas fortel at dette er ein dugnad dei gjer for klubben sin, NMK Vikedal. Racingteamet med base på Rydland høyrer til klubben i Vikedal, der årets landsfinale i blicross junior går av stabelen 1. august. Trekninga vil finna stad i samband med dette store arrangementet.

Hovudgevinsten er ein skikkeleg lekkerbisken for bilsportfolk. Ein Ford Mondeo med 170 hestekrefter bør kunne freista fleire enn Kjell Strand. Den gamle entusiasten har allereie sikra seg to lodd, etter det me forstår på pressetalsmann Maraas. Bilen er løpsklar med veltebur, stol og selar, så dette kan vera ein unik sjanse til å koma i gang med bilcross.

– Dersom nokon hos oss stikk av med premien, og vil prøva seg i eit billøp, kan me lova all mogleg støtte i starten, både praktisk og moralsk, seier Sigurd André Maraas til Fitjarposten.

Lodd kan kjøpast i klubblokalet til Fitjar Racing Team på Rydland, eller hos Sigurd André Maraas.


Sportsjournalisten i Fitjarposten blir neppe å sjå bak rattet i bilcross, men har late seg freista av reisegåvekort på 7500 kr.