Til hausten blir det kurs for dei som vil bli treningskontakt for menneske med ekstra hjelpebehov.

Kurset er retta mot dei som ønskjer å hjelpa folk med fysisk eller psykisk utviklingshemming, eller har andre spesielle behov.

– Me i Fitjar Idrettslag skal ha den policyen at alle i bygdo skal ha eit tilbod, seier dagleg leiar Geirmund Aga.

– Diverre så er det slik i dag at dei som treng ekstra tilsyn ikkje har det. Dette vil me gjere noko med!

Kurset har eit tak på 30 deltakarar, og i dag går det ut innbyding til aktuelle kandidatar. Saman med idrettslaget står Fitjar Frivilligsentral og folkehelsekoordinator Kari Raunholm bak initiativet. No håper dei på stor interesse, slik at deltakarlista blir fylt opp, og alle i Fitjar får eit bra tilbod gjennom idrettslaget.

Kurset vil gå av stabelen 13. – 15. september i Fitjar kultur- og idrettsygg. Arrangørar blir Fitjar Frivilligsentral saman med Hordaland Idrettskrets, Fitjar Idrettslag og folkehelsekoordinatoren i Fitjar kommune. Mål for kurset er å gi inspirasjon og nye idear til menneske som kan tenkja seg å bidra litt annleis i lokalmiljøet, der ein hjelper menneske med hjelpebehov til å bli meir fysisk aktive. Dette er til dømes eldre, utviklingshemma, funksjonshemma, psykisk sjuke, rusavhengige osv. Kurset kvalifiserer til arbeid som treningskontakt eller fritidskontakt.

Målgrupper for kurset er personar med interesse for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, og som ønskjer å bidra overfor medmenneske som treng ekstra tilpasning, vaksne medlemmer i idrettslag og turlag, personar som arbeider som støttekontaktar i dag, og fagpersonar innan psykisk helsevern, rusomsorg, fritidsleiarar og alle interesserte elles. Frå kursinnhaldet kan nemnast treningslære, generelt retta mot ulike brukergrupper, tilrettelegging av fysisk aktivitet for ulike brukargrupper, og praksis

Dersom du er interessert, kan du melda deg på til Fitjar Frivilligsentral på e-post frivillig@fitjar.kommune.no eller post til Fitjar Frivilligsentral, Sentrum, 5419 Fitjar. Påmeldinga er bindande. Påmeldingsfristen er 30.august. Kursavgifta er kr 1000, men den kan blir refundert etter søknad.