Fitjar kommunestyre har vedteke å følgje opp ulovleg utbygging i Fitjar, særskilt i øyane. No vil avdelingsleiar for plan og utvikling, Torgeir Steien, nytte drone i overvakinga.

– Dronen vil verte kjøpt inn med det første, og ved hjelp av denne kan me følgje med på det som skjer på ein heilt annan måte enn før. Slik vil me få registrert all bygging og alle tiltak som er på gang. Ulovlegheiter vil bli følgt opp! seier Steien til fitjarposten.no.

Noko amnesti har han ikkje høve til å gje.

– Men me er samde om at om nokon melder ifrå om slik bygging til Kundetorget innan kl. 15.00 i dag, vil dei i alle fall unngå meirkostnader knytt til denne registreringa, seier han til slutt.