IPX er eit dataparty der ungdom samlar seg for å spela og vera sosiale. Det vert arrangert ein gong i året, her på øya. No vert det planlagt eit nytt slikt dataparty på Vikahaugane i Nyehallen 3. – 6. oktober.

– Me som driv IPX gjer dette frivillig for å gje ungdommen eit anna alternativ til for eksempel rus. Det er i dag mange som ikkje er interessert i idrett, og for desse er det svært lite alternativ i nærområdet.

Sidan 2000 har me arrangert treffet for at ungdom skal ha noko å gjere på i haustferien, og oppimot 40 frivillige, og mange lokale bedrifter,  hjelper i form av sponsing og anna, for å få IPX til å gå rundt.

Styret består av Stian Sætre, Jan Terje Aksnes, Andreas Kvalheim, Mads Odland, Jon Arne Bratland og Jan Anders Sørheim. 

Premiar
Under årets IPX  vil det vere 50 000 kr i premiepotten, og desse er fordelt ut på forskjellige konkurransar, som League of Legends og CS:OG:  
1. premien er på kr 15 000. 

På IPX  vil det òg vere ein scene der det vil være konkurransar og underhaldning kvar dag. På inngangsbilletten er det òg muleg å vinne ein Playstation 4. 

– For meir info, sjekk gruppa vår på facebook, som er IPX-LAN, heiter det i ei melding til fitjarposten.no.