Nedanfor kan du lese viktig informasjon frå kommunen om Stortingsvalet 9. september.
Stortingsval 2013
Førehandsrøysting
Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen 9. september, kan du førehandsrøysta t.o.m. fredag 6. september i kundetorget på Rådhuset slik:
Måndag – fredag kl. 09-15.
Torsdag 29. aug. og 5. sept. fram til kl. 18, og laurdag 31. august kl. 09.00.-13.00.
Det vert skipa til eiga førehandsrøysting på Havnahuset og Fitjar bu- og behandlingssenter. Dag og tidspunkt vert kunngjort ved oppslag på institusjonane.
Ambulerande røysting / røysting heime
Personar som ynskjer å røysta men ikkje kjem seg til røystelokale p.g.a. sjukdom/uførleik, kan søkja om å få røysta heime. Dersom det er aktuelt for deg, kan du skriva, ringja (534 58 500/534 58 545) eller på annan måte ta kontakt med kommunen. Slik søknad/førespurnad må vera kommunen i hende seinast tysdag 3. september.
Røysting på valdagen måndag 9. september – opningstider:
Røystekrinsar:
01 Hageberg (Stranda)
Røystelokale: Hageberg skule
Opningstid: 9-12 og 16-20.
02 Osternes
Røystelokale: Osternes bedehus
(NB. Nytt røystelokale)
Opningstid: 9-12 og 16-20
03 Rimbareid (sentrum)
Røystelokale: Fitjar kultur- og
Idrettsbygg
Opningstid: 9-20
04 Øvrebygda
Røystelokale: Øvrebygda skule
Opningstid: 9-20
05 Sælevik (Dåfjorden)
Røystelokale: Sælevik skule
Opningstid: 9-12 og 16-20
Veljarane vert oppmoda om å røysta i den krinsen dei er manntalsførde, sjå valkortet.
Ta med valkort og legitimasjon!
Fitjar valstyre