Orda ovanfor tilhøyrer brannsjef Tore Nesbø og vart uttalt i samband med at Fitjar Brannvesen hadde kurs i overflateredning tidlegare i veka. Foto: Håkon C. Hartvedt

Etter ein time med teori vart det praktiske øvingar i sjøen ved bank-kaien, leia av redningsdykkarane Frode Sagvaag og Svein Morten Svendsen frå Haugesund Brannvesen.

Her skulle dei mellom anna trena på å hente inn ein person i vatnet ved å symje ut med line og  ta tak i personen, for å så bli dregen inn til land av andre mannskapar.

 

Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Foto: Håkon C. Hartvedt

Ei anna øving var å symje i overflata med symjebriller og med blikket vendt mot botnen for å prøve å lokalisere kva som låg der.

-Dette er viktig, seier Frode Sagvaag til fitjarposten.no, og understrekar det vidare:

-Det er jo slik at det lokale brannvesenet oftast er dei første som kjem til åstaden, og om dei ikkje har dykkarar, vil det vere til stor hjelp for oss om dei har lokalisert kvar personen ligg når me kjem som redningsdykkarar. Det kan rett og slett vere livsviktig. Me snakkar om «den gyldne timen», i det me har erfaring for at mange kan reddast om dei blir tekne opp av vatnet, før ein time har gått. 

Og ingenting er betre enn at brannvesenet kan henta inn ein person frå sjøen, før han går under.

Brannmann Odd Harald Turøy hoppar uti med line, klar for redningsoppdrag. Foto: Håkon C. Hartvedt