I 4. divisjonsoppgjeret mot Bremnes måndag kveld såg det lenge ut til å gå mot eit nytt tap for A-laget til Fitjar. Etter 1. omgang stod det 2-0 til Bremnes, men etter pausen kom eit "nytt" Fitjar-lag på banen, og snudde kampen. Fitjar fekk ein vanskeleg start på kampen då midtstoppar Asbjørn Vik måtte gå ut med skade allereie etter 4 minutt. Fitjar-trenar Roy Inge Stegane fortel at laget sleit heile 1. omgang med å få forsvaret til å sitja. Og Bremnes kunne gå til pause med ei fortent leiing 2-0.

Men i 2. omgang kom eit "nytt" Fitjar-lag på banen. I pausen bestemte dei seg for å justera presset etter motstandaren, og prøva å bryta framfor ballførar. Dette lykkast dei godt med. Dei unge Fitjar-spelarane våga å ta meir ansvar og bruka seg meir fysisk. Dette har ofte vore mangelvare i kampane så langt i år. I 2. omgang var dei kontante og mindre puslete enn før.

Det gav etter kvart resultat, og det var heilt fortent då Lars Engelsen kunne scora sigersmålet heilt på slutten av kampen. Trenar Roy Inge Stegane er svært fornøgd med 3 viktige poeng, som bringar laget opp på 7. plass på tabellen. Men han er minst like fornøgd med måten sigeren kom på, som ein kollektiv arbeidssiger. Han håper tendensen held fram i kampane som kjem. Neste kamp er mot Orion frå Fyllingsdalen førstkomande laurdag på Fitjar Idrettspark.