Fitjar vann ein knapp, men kjærkomen siger over Djerv i vindkulene laurdag ettermiddag.

A-lagsgutane held nedrykksspøkelset på rimeleg god avstand etter 1-0-sigeren over Djerv på graset i Fitjar Idrettspark. Men Kjell Træet sine bolde menn fekk ingen ting gratis mot aggressive bergensarar og ein lunefull vind i dagens kamp.

Med vinden i ryggen kom gjestene best i gang, og det var særleg skummelt kvar gong dei fekk innkast og kasta ballen inn i feltet framfor Oddgeir Træet. Heldigvis har Fitjar-keeperen spelt i lunefull vind før, og han meistra dei vanskelege forholda godt. Vel eit kvarter ute i kampen var det berre flaks som hindra at ballen gjekk i mål, etter møljespel framfor Fitjar-målet, men skotet frå kort hald gjekk rett utanfor.

Midtbanen til Fitjar tok meir og meir over, og særleg kaptein Øyvind Fykse Lie viste stigande form. Ein ballsikker Mats Brakedal var også flink til å leggja press på gjestene med fine raid. Og vel 10 minutt før pause var det klart for 1-0. Dagens Fitjar-spiss, Badi Hurasi, fekk eit fint innlegg frå Sander Tverborgvik på venstresida. Headinga til Badi frå kort hald var mist like fin, og gjekk over Djerv- keeperen og i mål!

Litt seinare burde Mats Brakedal ha gitt Fitjar 2-0 då han gjekk gjennom alt som fanst av Djerv-forsvar. Men i staden for å leggja ballen roleg nede i hjørnet til side for keeper, tuppa han ballen rett utanfor vinkelen. Dermed gjekk laga til pause med ei fortent 1-0-leiing til Fitjar.

Den som hadde trudd at Fitjar skulle klara å utnytta medvinden i andre omgang og tryggja sigeren, tok feil. Som vanleg viste det seg minst like vanskeleg å spela i medvind. Det auka på med feilpasningar blant Fitjar-spelarane, og framspela i angrep hadde ein lei tendens til å gå over dødlinja eller hamna i klypene til Djerv-keeperen.

Me noterte ein fin sjanse for Badi etter gjennomspel frå Mats Brakedal. Øyvind Fykse Lie skaut rett over på frispark frå vel 16 meter og Helge Træet hadde eit flott skot i tverrliggjaren. Men det var gjestene som hadde dei fleste sjansane i andre omgang. Fleire gonger var det fare på ferde i Fitjar-forsvaret. Styggast såg det ut rundt midt i omgangen då Djerv-angriparen kom heilt gjennom. Men Fitjar-keeper Oddgeir Træet var lynkjapt nede og redda skotet frå kort hald.

Aggressive Djerv-spelarar kom til fleire store sjansar i dei hektiske sluttminutta. Men ein plasseringssikker Roger Almås spelte ein god kamp i midtforsvaret til Fitjar. Saman med keeper Oddgeir Træet dirigerte han stressa Fitjar-forsvarar på beste måte, slik at dei kunne ri stormen av og innkassera tre viktige poeng. For innsatsen sin blei keeperen heilt fortent utropt til dagens Fitjar-spelar, og han kan sjå fram til middag på Fitjar Fjordhotell.

Med sine 25 poeng er Fitjar no nede på ein 8.-plass på tabellen for 4. divisjon. Med uavgjort eller siger mot Bremnes borte neste helg er plassen i divisjonen sikra. Ein ny sjanse til å sikra plassen får Fitjar i heimekampen mot Fana 2 søndag 19. oktober. Plassen bør helst vera sikra før årets siste seriekamp, borte mot tabelltoar Bergen Nord.

Ingressbilete: Så kjekt er det å vinna! synest André «Mini» Helland, som drog opp mange fine angrep i første omgang. Foto: Kjetil Rydland.