Lyden av motorsag kunne høyrast lang veg.

Etter tur fekk fire  unge  gutar  instruksjon og øving i bruk av motorsag.  Kurs er viktig for rekruttering til skogsarbeid og det skaper tryggleik.   Korrekt verneutstyr må vere på plass:  Motorsagbukse, vernestøvlar og hjelm. Minstealder for deltaking på kurs er 15 år, og ungdom som er over atten år kan arbeide åleine i skogen dersom dei har fullført eit kurs av dette slaget.  Fredag kveld var sett av til å lære om verneutstyr og stell  av motorsag. Instruktør Audun Lund Eik viste korleis arbeidet skulle gjerast, og han følgde nøye med under saging.   Før saging tek til, må det avklarast i kva retning treet skal falle, og der set ein ofte opp eit siktemerke. Så vert det saga ein brytekant før sjølve stamma vert saga av med kort attsitjande stubbe. Det er og merka av kor langt ein skal sage bort mot brytekanten.  Ein hendig reiskap er fellespett,  som blir skubba inn i felleskåra for å få treet til å dette.  Skogsarbeidaren tek spettet vekk og sakte fell treet i rett retning. Kvisting står for tur. Det går greitt fordi ein med vilje let treet falle på tvers av eit anna felt tre. Då vert det lagleg arbeidshøgde.
Audun Lund Eik skryter av gutane sin innsats og seier dei er svært lærevillige.  Han tenner bål på ein trygg plass og brukar medbrakt tyri for å få det til å brenne. Då me seier takk for oss,  er det tid for pause rundt bålet, og denne dagen mangla lukta av nykokt skogskaffi.
Ove Gjerde arrangerte kurset i regi av Fitjar/Austevoll Skogeigarlag.  Audun Lund Eik er instruktør for Aktiv Skogbruk i Hordaland og Rogaland, og han driv med mykje kursverksemd både  helg og  yrkjedagar. Kurset vart halde i ein skogteig hos Lars Dalen på Vestbøstad.