Pinseaftan har både SPAR og Larsen multihandel redusert opningstid. Så skal du finna desse butikkane opne i morgon må du vera der mellom klokka 09.00 og 16.00.

Tysdag ettermidag og onsdag i neste veke vil det gå føre seg ein større operasjon i tørrvaresona av butikken. Jobben som skal gjerast er ei påkrevt oppgradering av hyllemateriell på grunn av av overgang til nytt ordresystem.

Butikken vil halde open under arbeidet, men med redusert tilkomst til Tørrvaresona. Me vonar på forståing for dette.

Frå torsdag morgon skal alt vera som før igjen.

NB! Brød, frukt, mjølk, ferskvarer, frys, drikkevarer og kioskvarer vil ikkje verta ramma, desse varene vil ha tilkomst som vanleg.