– Fitjarfestivalen er noko me ser fram til, og han er viktig for bygda, sa ordførar Wenche Tislevoll under opninga av festivalen i ettermiddag.

– Fitjarfestivalen har noko for einkvar smak. Her er det liv og røre. Her er det optimisme. Festivalen syner at bygda lever. Han skaper identitet, og sosialt felleskap, og han dreg folk til Fitjar.

Men det skjer ikkje av seg sjølv. Det ligg stor frivillig innsats bak. Ein kjempedugnad der både ressurspersonar, næringslivet og det offentlege tek del, fortsette ordføraren, før ho kalla fram festivalgeneral Ann-Sofie Drønen og overrekte velfortente blomar.

Henning Wichmann og Sissel Jørgensen tok og del i opningsseansen med eit ellevilt innslag om «fitjarbær på russisk». Skikkeleg artig.

Etter dette heldt Ole Andre Westerheim med band ein glimrande og variert konsert. Ypparleg framført. Skal seie den guten utviklar seg! Medmusikarane hans var òg utruleg bra.

Berre så trist at svært mange forlet teltet under konserten. Ikkje fordi dei ikkje likte musikken. Den trur me ville gått inn hos dei aller fleste, men mange opplevde at volumet i teltet var ubehageleg høgt. Det synest me var trist. Konserten hadde fortent eit stort publikum.