Det var den viktige meldinga frå elevar ved Øvrebygda skule, etter at dei hadde delteke på Barnevakten sitt opplegg om digital mobbing i Kultursalen i FKIB i går.

Måndag og tysdag fekk alle grunnskulelevane i Fitjar med seg dette opplegget som Cecilie Bartnes frå Barnevakten presenterte. Måndag kveld fekk nærare 200 foreldre med seg ei tilpassa utgåve av det same.

Bartnes sin bodskap til borna var at dei må tenkje seg om når dei legg noko ut på nettet, og at det er mykje betre å framsnakke enn baksnakke. Det er lett å mobbe når ein ikkje står ansikt til ansikt med ein person.

Foreldra vart oppfordra til å gjere seg kjent med det digitale uttrykket, og Bartnes kom og med eit konkret råd: – Ikkje la barna ha mobiltelefon og data tilgjengeleg på rommet etter at dei har lagt seg om kvelden. Det handlar ikkje berre om digital mobbing, men òg om at dei må få nok søvn.

Skulesjef John Karsten Raunholm som var til stades på arrangementet tysdag føremiddag, seier til fitjarposten at det heile var ei tankevekkjande samling.

-Dette er viktig, og dette er noko me må jobba vidare med både i heimane og på skulen. Både med omsyn til å førebyggje og til å ha klar gode tiltak når det er naudsynt, seier han.