Turgåarar fekk seg litt av eit sjokk i ettermiddag då tre lys levande vikingar steig ut or den svære røysa på Rimsvarden.

Bodil Vik var på tur til det nyrestaurerte kulturminnet vårt i etterrmiddag. Ho hadde nettopp fortalt ungane sine at det ikkje var vikingar å sjå der lenger. Men brått dukka det opp tre personar i klede frå vikingtida.

Både Bodil og ungane gjorde store auge. Det viste seg å vera Paul Ottar Haga, som skal vera konge i Håkonarspelet i haust. Han hadde med seg to medspelarar, Johanne Fangel Brekke og Theodor Drønen, for å ta bilete for Håkonarspelet. Dei tok seg tid til å helsa på Bodil og ungane, og stilte opp til fotografering saman med vesle Godtfred Rüger på seks år.