I snart fire veker har Ola Ohm vore vikarprest i Fitjar kyrkje. Men teologistudenten er også utdanna organist, med kantoreksamen og det heile.

-Ja, det stemmer det, smiler den lyslugga teologistudenten, med ungdommeleg, uryddig hårsveis. Ohm kjem i frå Ølen. Etter å ha gått tre år på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule, vart det eit år med orgelutdanning i London, før han fullførte kantorutdanninga i Stavanger. Siste året i organistutdanninga, tok han òg bibelskulestudium ved Acta bibelskule i same by. Det var under dette studiet at det vart klart for han at han skulle studere vidare til prest. No har han berre to år igjen på Misjonshøgskulen, som òg ligg i Stavanger, før han kan gå inn i prestetenesta på full tid. Denne sommaren har han, utanom Fitjar, og vore prestevikar på Bømlo.

Ola Ohm med Fitjar i bakgrunnen. Han har gode erfaringar å ta med seg vidare i frå prestetenesta i Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt