Menigheten Fyrlykta har hatt sin første vigsel i eigen regi.

Fredag 23. april lova Anne Johanne Navelsaker og Ståle Flister kvarandre truskap til døden skil, framfor vigselsmann Frank Håvik. Vigselen skjedde på eit stort husmøte på Fitjar med over 30 av kyrkjelyden sine folk til stades.

Det lukkelige brudeparet kjem frå Måløy og skal ha bryllupsfest med slekt og vener i juni, men ynskte altså å få gjort unna den formelle delen på Fitjar.

Menigheten Fyrlykta er ei fri kyrkjelyd på pinsekristen trusgrunn og har medlemmar både på Stord og Fitjar. Det som skil menigheten frå andre er først og fremst at menigheten samlast i fleire heimar gjennom veka i staden for i eigne lokale.