Den landskjende talaren Viggo Wilhelmsen kjem til Fitjar til helga for å vere med på hauststemne i menigheten Nytt Liv Sunnhordland.

Pastor Frank Håvik fortel at ein ventar folk frå fleire plassar i regionen til stemnet som vil finne stad på Fitjartun i Fitjar sentrum.

– Viggo Wilhemsen blir hovudtalar. Han har ei fortid som chief i handelsflåten, men etter ei sterk oppleving, der han i fortviling førsøkte å ta sitt eige liv om bord i et bilfrakteskip, blei han i staden ein kristen og har sidan reist som forkynnar. Lovsongar og forkynnar Glenn Wik frå Haugesund, lovsongarar Solveig og Ingolf Grønstøl og kyrkjelydens eigne folk vil også delta, opplyser Håvik vidare.

– Laurdag ettermiddag blir det helbredelsesmøte der ein spesielt fokuserer på helbredelse ved bøn. Søndag føremiddag blir det møte i lokalet Betania i Øvrebygda, sidan det på det møtet også blir dåp. Alle møta er opne for alle, heiter det.