Foto: Agnete Brun

Den prisbelønte forfattaren Vigdis Hjorth vitjar Fitjar folkebibliotek måndag 18.november.

– Hjorth har aldri lagt skjul på at ho aktivt nyttar eigne opplevingar som stoff i bøkene sine, som i Tredve dagar i Sandefjord (2011) der hovudpersonen sonar ein promilledom. Dette er noko Hjorth sjølv har vore open om at ho har gjort, fortel bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen.

Etter Hjort kom med boka Arv og miljø (2016), som handlar om problematiske familieforhold, oppstod det ein stor diskusjon om kor tett på eigne liv ein forfattar kan gå før det blir eit problem. Likevel har ho alltid insistert på at ein først og fremst må lese bøkene som fiksjon og romanar.

– På dette måndag skal Hjorth presentere forfattarskapen sin med hovudfokus på Arv og miljø og Lærerinnens sang (2018). Ho skal snakke om likskapar og ulikskapar melom desse to bøkene.

– Me gler oss til å få storfint besøk, og håpar mange tek turen til biblioteket på måndag kl. 19, avsluttar Vågen Torbjørnsen.

- Annonse -