Den vietnamesiske forkynnaren Benjamin Wang kjem saman med generalsekretær Bjørg Wegge i Stefanusalliansen til Fitjar førstkomande helg.

– Laurdag er det basar på Fitjar bedehus. Her vil Wegge introdusere Benjamin Wang og seie litt om samarbeidet dei i mellom. Vidare vil Wang fortelje si dramatiske livshistorie som flyktning osv. – og om kallet til å bli misjonær. Søndag vert både Wegge og Wang med under gudstenesta i Fitjar kyrkje, fortel arrangørane.

På møtet i Fitjar bedehus søndag kveld vert Benjamin Wang hovudgjest. Her vil ein få høyre om den unike Hmong-vekkinga, og Wang vil fortelje meir om arbeidet han no står i.