Me har vore i Hollundsdalen på besøk hos Viergo AS, eit firma som fram til i fjor haust heitte Bømlo industrier AS.

Her driv firmaet Viergo – som med litt fantasi kan uttalast «vi er go’» – vaskeri, snikkerverksemd og ei frukt- og kjøkenavdeling. Eit nytt tilbod er «Arbeid med bistand» – for folk som treng litt ekstra hjelp til å koma seg tilbake i arbeidslivet.

Dette er eit oppdrag som den nye bedrifta har teke på seg for Nav, og dei har heile Sunnhordland som nedslagsfelt, dvs. kommunane Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad, Etne og Sveio. Avtalen med Nav er å finna høveleg arbeid til 48 brukarar.

Dagleg leiar Audny Gjøsæter Hollund er svært fornøgd med ei fire jobbkonsulentane som ho har samla under sine vengjer, tre lærarar og ein statsvitar. Ho fortel om ein gjeng som viser stort engasjement og samarbeider godt. Dei har fått vera med og utforma jobben sin sjølve, og ho er sikker på å sjå positive resultat av det.

«Arbeid med bistand» er eit tiltak som rettar seg mot folk som av ymse grunnar har falle ut av arbeidslivet, og fått «hol i CV-en». Audny Gjøsæter Hollund viser til statsminister Erna Solberg, som nytta dette omgrepet i nyttårstalen. Ho minner òg om at det har vore mangel på arbeidskraft i Noreg. Det er såleis fleire gode grunnar til å kalla dette eit moderne tiltak.

Sjølv om arbeidsmarknaden skal vera for alle, ser me at mange strevar med å koma inn. «Arbeid med bistand» er i første rekkje mynta på personar som har fått redusert arbeidsevne, og som slit med å skaffa seg fast arbeid over tid. Audny Gjøsæter Hollund nemner ryggplager og psykiske vanskar som dei vanlegaste årsakene til at folk får arbeidsevna nedsett. Mange har derfor bruk for tilrettelegging og oppfølging for å skaffa seg eller halda på inntektsgivande arbeid.

Dei fire jobbkonsulentane skal kunna ta seg av 12 brukarar kvar, og arbeida for at deltakarane på tiltaket får fast tilsetjing. Dei er opptekne av å fjerna hindringar, bremser som har øydelagt sjølvtilliten til dei som har blitt ståande på utsida av arbeidsmarknaden ein periode. – Det gjeld å finna skatten, den enkelte sin styrke, og bygga han opp til å klara seg i arbeidslivet.

Målet for titaket er at arbeidssøkjaren får og klarer å halda på ein lønna jobb i den ordinære arbeidsmarkanden. Viergo prøver å finna arbeidsplassar og oppgåver som høver med arbeidssøkjaren sine ønskje og behov. Arbeidssøkjaren skal vera – og oppleva seg som – aktør i sin eigen attføringsprosess.

Viergo har som målsetjing å bli den første næringslivet tar kontakt med når dei treng ny arbeidskraft. – Me har allereie fått folk i arbeid i 10-15 bedrifter i Sunnhordland, og tilbakemeldingane frå næringslivet er gode, seier Audny Gjøsæter Hollund. Dei vil halda fram arbeidet med å gjera seg attraktive for bedrifter i Sunnhordland.

– Me vil vera mykje ute på vegane, og bli synlege i heile Sunnhordland, seier jobbkonsulent Ole Inge Rolfsnes.

På heimesida til Viergo og i kontorlokala i Hollundsdalen har Siggjo fått ein framtredande plass. For eiga rekning får me leggja til at om dei blir like synlege i distriktet vårt som Siggjo er, har dei gode føresetnader for å lukkast.

Ingressbilete: Jobbkonsulentane Idar Rolfsnes Fardal (t.v.), Gro Anita Meling, Maria Sadowska og Ole-Inge Rolfsnes framfor mottoet for arbeidet: «Alt er mogleg dersom ein vågar å tru på menneske og gjev dei ein sjanse». Foto: Kjetil Rydland.