Fitjarjenta Ingrid Skår Bergesen gjekk vidare til fylkesfinalen etter flott innsats under Ungdommens kulturmønstring i Stord Kulturhus i går. Det gjorde òg Ingrid Muri Slettebø.

At Ingrid er ei kjempeflink jente med eit stort talent visste me frå før. Flott at ho no får synt det fram for fleire.

Ungdommens kulturmønstring på Stord er ei fellesmønstring for kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. I år var det i alt 26 sceneinnslag i ulike sjangrar, med instrumental, song og band, film, litteratur og teater som nokre av ingrediensane på den flotte menyen.

Ingrid Muri Slettebø saman med Tiril Einarsdotter gjekk vidare med dansegruppa Create.

Så er det berre å ønskje lukke til vidare.