Det var temaet når Fitjar bedehus markerte sitt 25-årsjubileum, i kveld. Ein fest som samla fullt hus, og som var prega av ein lys og sterkt optimisme.

Ikkje minst kom dette fram gjennom innslaga til borna, songgruppa "Praise Him" og Aud Karin Kjølvik sin svært forståelege og inspirerande tale over temaet "Vidare med Jesus". Kjølvik peika mellom anna på kor viktig det er å bringe stafettpinnen vidare på ein god måte, og jubileumsfesten i seg sjølv synte at nye generasjonar er klare for å gjera nettopp det i Fitjar.

I eit historisk tilbakeblikk fortalte Trygve Eiken om korleis ein alt i 1960-åra begynte å snakke om eit nytt bedehus etter det gamle, som stod mellom Vik og Vestbøstad, og om korleis ein til slutt fann tomt der huset står no.

-Mellom 30 og 40 stod på som fast dugnadsgjeng, i tillegg til mange fleire som tok del på forskjellige måtar. 14. mai 1980 tok ein det første spadestikket, og 17. oktober 1982 vart vigslingsdagen for det nye huset. Berre på denne dagen kom det inn 50 000 kroner i kollekt, sa Eiken mellom anna.

Elles kan det nemnast at ein i vår har investert fleire hundre tusen kroner for å kunne skifta ut heile kjøkenet. Dette arbeidet er no så godt som ferdig.

Sjå fleire bilete frå bygginga på: www.fitjar-bedehus.no