Victoria Maraas med NM-pokalane sine etter NM-konkurransen i Bergen i går. Foto: Fitjar Shotokan Karateklubb.

Under norgesmeisterskapet i karate i Bergen i går vann Victoria Maraas frå Fitjar gull i kumite/kamp.

Norgesmeisterskapet i karate gjekk av stabelen i Slåtthaughallen i Bergen i går. Victoria Maraas stilte i klassen jenter 15-16 år 3-1 kyu. Her vann ho gull i kumite/kamp og sølv i kata (mønster).

Fitjar Shotokan Karateklubb stilt i tillegg med to andre utøvarar, Trond Strand og Frank Solli.

Trond Strand konkurrerte i klassen herrer 20+ Dan, og han fekk med seg heim bronse i kumite/kamp. Frank Solli stilte i klassen herre 40+. Det blei ingen medaljar på Frank denne gongen, men han gjorde ein fantastisk god innsats på matta, melder instruktør Sukhwinder Koløen.

Sjølv stilte den aktive hovudinstruktøren i Fitjar Shotokan Karateklubb som dommar under norgesmeisterskapet i Bergen.

NM-vinnar Victoria Maraas med ein stolt hovudinstruktør, Sukhwinder Koløen. Foto: Fitjar Shotokan Karateklubb.