Etter at publikum fleire gongar spontant og begeistra, har  respondert på Rune Larsen sin invitt til å fullføre ein låtstrofe som han begynte på, heilt i starten av konserten, snur han seg til Helge Nilsen, og seier: "Vi e heme!"

Så var det vel òg slik publikum opplevde dei. Omtrent som å møte gamle kjende, og ein musikk som ikkje har gått av moten, i alle fall ikkje for generasjonen som opplevde han. Og for dei vart "Save the last dance" ei festforestilling. "Ein konsertversjon" av musikken på striledansane, som òg inneheldt element som me slett ikkje sakna i denne samanhengen.

"The Stringers" med Rune Larsen, Helge Nilsen, Arne "Pluggen" Brakstad og Svein Arne Amundsen var store i vestlandsk beat/pop/rock-samanheng på -60-talet. Etter at dei vann Vestlandsmeisterskapen i pop i 1965, vart det både plateinnspelingar, turnear, TV-program – og striledansar. No fekk me på ein måte ein "reunion" med dei òg – pluss at dei hadde med seg Helge Mjøs frå tidlegare "Rytmic Six".  – Det hadde aldri skjedd i 1965, som Rune Larsen, sa det. Men Mjøs spelte godt, syntest det var gøy å vere med, og ensemblet hadde vore tynnare utan han. Trommis Svein Arne Amundsen hadde rytmen inntakt, og synte at han òg kan syngja – og fortsett sjarmere publikum.

På -60-talet spelte "Pluggen" gitarboogie-en på ryggen. Denne gongen med gitaren på rett side av kroppen, men driven var ikkje godt tapt, sjølv om han att på til spelte på akkustisk gitar.

Dei to unge songarane Linda Eikeland og Jannecke Nielsen var òg eit svært spennande "bekjentskap". Dei synest å handtere det meste, pop, pop-rock, ballade og ikkje minst country. Tette fine duoar, og kjenslevare stemmer.

Likevel er det ikkje til å kome ifrå at det er Helge og Rune som ber dette showet. Vel syng dei begge bra i lag med til dømes Tor Endresen, men saman er dei hand i hanske. Så er då "Helge & Rune" blitt eit omgrep, langt utanfor Bergen sine grenser.

Og dei kommuniserer. Nært og morosamt både verbalt og vokalt. På høgt plan. Rune Larsen er berre ein utruleg bra og spennande programleiar. Denne gongen fekk me òg fryde oss over Helge Nilsen si mjuke og nesten sårbare stemme, som skapar ein nærleik som gjer at det heile blir utruleg ekte og fint å høyre på.

Ein kveld me svært gjerne skulle hatt reprise på.