-Laurdag 28. juni er det duka for veterankøyretøt i Fitjar sentrum, opplyser Vidar Larsen til fitjarposten.no

-Har du veterankøyretøy?  (Bil, motorsykkel eller traktor eldre enn 30 år?) Då må du møte opp på parkeringsplassen ved Kunstgrasbanen, laurdag kl 10:30.

Det vert kolonnekøyring mot Fitjar ca kl 11:00. Turen går ned på nye kaien mellom Odd Larsen AS og Banken, opp i gata ved Videoen, og vidare opp framforbi Tinghuset.

Her er det høve å ta køyretøya nærare i augnesyn, og prata med desse raringane som likar lyden (og lukta) av da som eingong var.

Spørsmål kan rettast til Martin K Vik, mobil  997 31 508, fortel Vidar Larsen vidare.