Det har synt seg at det er stor veteranbilinteresse i Fitjar, og i sommar har ein starta klubb.

Erlend Helland og Tom Innvær er primus motorar bak klubben som allereie tel mellom 25 og 30 medlemer.

Ein av dei entusiastiske medlemene er Harald Johan Sandvik. Han har stor interesse for veteranbilar og har ei rekkje bilar på tunet sitt. Den sist innkjøpte er eit prakteksemplar av ein Studebaker Dictator 1930 modell som han henta frå Averøya tidlegare i sommar.

Denne bilen vert Sandvik sitt bidrag til veteranbilutstillinga som finn stad på Fitjarfestivalen laurdag 11. august frå kl 10.00 utanfor rådhuset på Fitjar.

Veteranbilklubben skal òg delta på Fitjarfestivalen søndag 11. august. Då skal dei frakte publikum frå sentrum og til Årskog museum, der det vert omvising. Deretter skal bilane frakte publikum attende.

Kortesjen stiller opp ved Thea Træet før avgang kl 13.15.

Meir om dette i ein seinare artikkel.