Brannvesenet måtte bistå M/S Bjorholm med å få pumpa ut vatn søndag føremiddag.

Foto: Kjetil Rydland

Det var klokka 11 søndag at politiet melde om at ein lastebåt hadde teke inn vatn.

– Det vert arbeidd med å lense båten, skreiv politiet.

Fitjar brannvesen kom raskt til staden for å bistå.

– Det er på veg fleire ressursar med meir pumpeutstyr, melder Sørvest politidistrikt.

M/S Bjorholm vart bygd i 1953.