Jan Henriksen frå Stord og Onar Westerheim i fin stil på veg mot Calgary og VM på skeiser for veteranar.

Skeiseveteranane Harald og Onar Westerheim ser ut til å å halda stilen på imponerande vis. Denne veka set dei kursen mot Canada og rekordbanen i Calgary, saman med hovudsponsor Elise Aarbø og skeisekompis Jan Henriksen.

Førre helg deltok dei tre veteranane med suksess under Masters i Vikingskipet. Som vanleg var det Onar som gjorde det best, med distansesigrar på dei tre kortaste løpa og andreplass på 5000 meter. Tidene  44,71 på 500 meter, 4.47,52 på 3000 meter og 8.23,15 på 5000 meter var alle årsbeste.

Eit lite skår i gleda for Onar var at han ikkje nådde målet sitt for stemnet, nemleg å setja verdsrekord i den vesle firkampen. Han seier seg berre så måteleg nøgd med 1500-metertida 2.19,38, og 5000-meteren var han direkte misnøgd med. Her blei han slegen av den gode langdistanseløparen Kåre Kristoffersen.

– Han er ein god langdistanseløpar, seier Onar, men normalt skulle eg gått 10-15 sekundar betre. Men eg hadde ikkje dagen, seier han til Fitjarposten.

Dermed måtte han reisa heim att med «uforretta sak», og får ikkje sjansen til å setja verdsrekord før til neste år. Samanlagtrekordar må nemleg setjast i Masters-løp. Framleis har han rekorden på stor firkamp (500-5000-1500-10000 meter) og sprintfirkamp, men han har veldig lyst å auka rekordsamlinga.

Stordabuen Jan Henriksen var godt nøgd med alle resultata på Hamar, spesielt 500 meter og 1000 meter. Tredjeplassen på 500 meter var beste plasseringa hans; 46,30 er ei svært god tid for ein mann som har runda 70 år.

For broder Harald Westerheim blei det òg ei bra helg på Hamar. Han var spesielt godt fornøgd med 5000-meteren på 8.36. Sjølv seier han at han merkar alderen, men det kan me ikkje sjå på skeisetidene hans. Han seier at den fysiske forma er fin, men forbetringspotensialet på teknikken har ikkje blitt utløyst enno.

No ser dei glade gutane med forventning fram mot skeiseløpa i Calgary, der VM går av stabelen 6. – 8. februar. Størst voner har nok Onar også denne gongen. Her møter han fleire skarpskodde menn frå det store utland, men meiner ein plass på sigerspallen bør mogeleg om han treffer med toppforma.

Me ønskjer god tur, og vonar å kunna rapportera om rekordtider i Calgary.