Dei har vunne fleire gongar før, og har vore med heilt ifrå starten. Oddvin Grindevik og Per Svein Bukkholm gjekk begge  til topps under fiskefestivalen i Fitjar.

Men verken Oddvin Grindevik eller Per Svein Bukkholm kan seia eksakt kor mange gongar dei har vore med, heller ikkje kor mange gongar dei har vunne. Men det er så visst ikkje første gongen for nokon av dei. Dei siste åra har Oddvinn Grindevik fiska frå båt, men han har òg stått på land nokre år. Per Svein har derimot halda seg til stongfiske.

I år gjekk Grindevik til topps i klassen for båtfiskarar med 32,15 kg , medan Bukkholm drog opp 8,05 kg med stonga. På spørsmål om kvifor dei stiller på fiskefestivalen år etter år, får me vite at det handlar om at dei synest det er kjekt å fiske, og, ikkje minst, spenninga rundt det heile.

-Det gjeld å vere på rett plass til rett tid, tenkje rett i forhold til straum – og om å vere tolmodig, ikkje flytte seg ifrå ein god plass fordi ein ikkje får fisk med ein gong, seier Grindevik, når me spør om han har nokon suksessoppskrift. – Men det hender at eg dreg ut, utan å få ein einaste fisk, eg òg, smiler han.

Unge og eldre
Mange svært unge var òg med på konkurransen. Ute på kaien fann me mellom anna ni år gamle Nils Birger Vestbøstad, som akkurat drog i land ein sprellande makrell då me kom ut til han, den tredje makrellen så langt. –Kjempegøy, seier han, og viser oss sluken makrellen sprellar på. Ei sølvfarga sild.

Når stongfiskarane kjem inn, møter me eldstemann i konkurransen, 86 år gamle Bjarne Fjugstad, som er med for første gong, men som kan slå i bordet med eit svært bra resultat.
2,6 kg, mest lyr, på stong, står det respekt av. –Veldig moro, og så må du skryte av han som svippa oss ut på fiskeplassane, og av arrangørane, legg sprekingen til.

Denne gongen vart òg vêret betre enn fleire vêrmeldingar hadde lova, i motsetnad til sipregnet i fjor. Så sjølv om arrangementet kolliderte både med Etnemarknad, Sildajazz og arrangement i Brandasund, kom det godt med folk på kaien, slik festivalstemninga vart svært bra på Sjøsio m/Larsen denne laurdagen. Folk koste seg både med godprat og godmat på kaien, og hadde òg eit og anna godord om dei nye fasilitetane dei no kunne sitje mellom.

Songtalent
Eit uventa, uannonsert og likevel kjempeflott songinnslag  av Marte Bauge Torland (snart 16), gledde mange. Fitjarjenta som har utvikla ein særeigen, kjempeflott, personleg stemme fekk oss mest til å tenkje på både Katie Melua og kjende kvinnelege countrystjerner, samstundes som stemma absolutt er hennar eigen. Svært bra. Me tippar at det blir ikkje siste gongen me får høyre song av denne jenta, som fekk heftig og velfortent applaus etter innslaget.

Auksjon
Tradisjonen tru var det også dette året auksjon, etter premieutdelinga. Ein auksjon til inntekt for ”Fitjar Framøve”, som mellom anna gjev støtte ungdomsarbeid i Fitjar. I år fekk ein inn 26 400 kroner på auksjonen. Dei beste kjøpa gjorde nok Andreas Grønås som fekk tilslag på 2600 kroner for ei redningsflåte til verdi av 15 000 kroner, og Magnar Torland som kunne ta med seg heim ein TV-benk i heiltre eik til verdi på 2990 kroner, etter å ha fått tilslaget på kr. 600,-