I 4.-divisjonskampen på kunstgraset i Fitjar laurdag ettermiddag blei A-laget regelrett overkjørt. Gjestene frå Vestsiden Askøy gav seg ikkje før det stod 2-9, eit resultat som gir eit godt bilde av kampen.

I det fine sommarveret på Fitjar laurdag ettermiddag skulle det snart visa seg at Fitjar hadde lite å stilla opp med mot gjestene frå Askøy. Ronald Skår måtte stå over pga. raudt kort, og i tillegg mangla ein skadd Kjell Træet. Dermed stilte Fitjar med veldig lite rutine på banen.

Dette viste godt igjen – og blei meir og meir tydeleg utover i kampen. Når i tillegg den mest rutinerte spelaren på Fitjar, keeper Odddgeir Træet; hadde ein dårleg dag, måtte det enda gale. Han gav uvanleg mange unødvendige returar, og fleire av dei var direkte årsak til mål for gjestene. Men å gi enkeltspelarar skulda for det dårlege resultatet blir feil; det svikta på dei fleste plassar i dag.

Manglande rutine må nok ein gong trekkjast fram som forklaring, men i dag møtte dei eit lag som er like ungt. Vestsiden Askøy sitt lag har ein gjennomsnittsalder på rundt 18 år; berre tre av spelarane i dagens kamp er seniorar. Kristoffer Larsen, som sette inn straffesparket, er faktisk berre 15! Alderen tatt i betraktning har har dei nok eit spennande lag på gang. For Fitjar er det nok like greitt å gløyma denne kampen først som sist.