I kveld har Fitjar Idrettslag fått to vestlandsmeistrar i badminton.

I nybyrjarklassen for dame single U17 vann Maria Rydland finalen mot Marte Søreide Nordvang, også ho frå Fitjar. Dermed blei Maria den første vestlandsmeisteren vår.

I C-klassen for herrar single var det meir spennande om Fitjar skulle få vestlandsmeisteren. Håkon Rydland Sæbø møtte Arne Martin Hagen frå Stavanger. Første sett vann Håkon greitt, men midt i 2. sett var han i ferd med å sleppa motstandaren inn igjen i kampen. Hagen var ved eit par høve oppe i ei eittmålsleiing, men til slutt drog Håkon settet i land med 21-19. Dermed var han meister etter 2-0 i sett.

Håkon fortel at han sleit litt med konsentrasjonen mot slutten, etter som kondisjonen ikkje er heilt på topp for tida. Men han var naturlegvis letta og lukkeleg over sigeren. Fornøgd var òg den den vesle supporterskaren hans på to mann. Men badmintonspelarar ser ut til å vera eit nøkternt folkeferd, for dei store jubelscenane uteblei. Likevel kan det vera ein god ide å søkja ly for ruskeveret i morgon med å gå ein tur i idrettshallen og sjå badminton. Der er god stemning og mykje fin idrett å sjå.