Bilete for illustrasjon.Venita Nordeide Helland, Emma Martine Maraas, Eldrid Fitjar og Nora Jærer Thorland fylte lett eit par sekker med plastavfall på Ivarsøyo. Arkivfto: Kjetil Rydland.

Vestland skal ha null tilførsel av plast til naturen, ein plastfri natur og eit plastfritt hav. Dette er visjonen i Vestland sin nye plaststategi, som Fylkestinget vedtok i juni.

Det er seks hovudmål og elleve delmål i plaststrategien for Vestland fylkeskommune. Det første hovudmålet er rett og slett å unngå plast på avvege. For det er ikkje plast i seg sjølv som er problemet, men plast på plassar der det ikkje skal vere plast. Fylket ynskjer ogso å redusera plastbruken i eiga verksemd med minst 40 prosent.

– No startar arbeidet. Vi har laga ein ambisiøs strategi, der vi både vil hindre at plastavfall som kjem på avvege og ikkje minst redusere plastbruken i eigen organisasjon. Vi håpar også planen kan inspirere andre og gi håp – saman skal vi klare å rydde naturen og havet for plast, seier fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Må vera eit samarbeid

Fylkesvaraordføraren legg stor vekt på samarbeid når ho snakkar om oppfølging og iverksetjing av plaststrategien.

– Dette er ikkje eit problem verken fylkeskommunen eller andre kan løyse aleine, og plaststrategien er ein samarbeidsplan. Det er avgjerande at vi spelar på lag med kommunar, forskingsmiljø, friluftsråd, næringsliv og andre i dette arbeidet, seier Golis.

Først i landet

Vestland fylkeskommune vert det første fylket i landet som har ein slik plaststrategi. Det heile starta med ein interpellasjon frå Aud Karin Oen (SV) til Hordaland fylkesting i 2018, og no er strategien endeleg på plass. Oen bur sjølv i Øygarden, er oppvaksen ved sjøen og har sett utviklinga med stadig meir plast i strandsona.

– Eg har sett det og følt avmakt. Eg prøvde med ulike politiske framstøyt, men no var det ein gyllen anledning, og eg er veldig glad for at vi fekk dette til. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, og vi må gjere vårt, seier ho.

Les heile plaststrategien her.