Fitjar vidaregåande. Foto: Ingrid Hovstad

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars.

Dette gjeld i første omgang for to veker.

Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden, melder Vestland fylkeskommune, som skriv at målet er å halde opp den faglege progresjonen til elevane.

– Me stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusere vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.

Fylkeskommunen skriv vidare at elevar med behov for særleg tilrettelegging, kan møte på skulen, dersom dei ikkje har symptom på smitte eller sjukdom.

Elevane vil få nærare informasjon om heimeundervisning via læringsplattformen It’s learning.

Lærarane møter på skulen som normalt.