God innsats under gårsdagens dugnad på Vestbøstad. Foto: Jostein Helle.

Både innsats og oppmøte var bra då Vestbøstad Vel gjennomførte den årlege vårdugnaden sin i den kalde nordavinden i går.

Det er ein godt fornøgd Jostein Helle i Vestbøstad Vel som fortel dette til Fitjarposten.

I går gjennomførte Vestbøstad Vel tradisjonen tru vårdugnad, og trass i konfirmasjonstid var oppslutning og innsats like upåklagelig som i fjor. Nærare 40 store og små møtte opp og deltok i rydding langs vegane i feltet og i strandsona.

I tillegg blei det lagt ned ein stor innsats med klargjering av badestranda, med utlegging av skjellsand og rydding og klargjering av området Vellaget no har fått pengar til å opparbeida.

Vellaget har laga ein plan på opparbeiding av heile området rundt sjølve stranda for med det å gjere det endå kjekkare for alle å nytta den sommarstid.

Då det framleis gjenstår mykje godt arbeid, blant anna med oppgradering av leikeplassane i feltet, vil det koma nye høve til å ta i eit tak saman med gode naboar.

Jostein Helle nyttar høvet til å takka for god innsats til fellesskapets beste, og ynskjer alle ei flott 17. mai-feiring.