I år er det 30 år sidan Velforeningen Vestbøstad Vel blei skipa.  Dette blir markert lørdag 24.april med aktivitetar for store og små.

Det vil blant anna bli:

* Barneteater i regi av Fitjar Vidaregåande ved leikeplassen i skogen

* Sykkelløp m/postar rundt Vestbøstad

* Fotballturnering i ballbingen

* Kafèutsalg m.m

Oppmodar alle på Vestbøstad til å støtta opp om denne dagen.

Kl.19.30 blir det jubileumsfest på Fitjar Camping.  Dei som er oppvaksne på Vestbøstad, men som har flytta, har også høve til å melda seg på.  Det er begrensa antal plassar, her blir det første mann til mølla. 

Påmelding innan 21. april til Frode Brakedal.