I dag, 24. april, feirar Vestbøstad Vel 30 års jubileum. Det heile vil gå føre seg  på Vestbøstad frå 11.00 til 16.00 med forskjellige aktivitetar.

Program for dagen:

11.00 – 12-00
Barneteater for aldersgruppa 0-6 år (ikkje avgrensa til).
Elevar ved Fitjar vidaregåande skule vil presentere teaterstykket sitt til inntekt for trengjande barn i Riga.

Oppmodar alle ungane til å gi 1 stk. leke, som dei kan ta med seg til barna i Riga. Leika må vera av god kvalitet.

Stad: Leikeplassen i skogen.

12.00-14.00
Sykkelløp rundt Vestbøstad.
Påmelding og start frå kl. 12.00 til 13.00.
(Satsar på at alle er i mål til kl. 14.00)
Det vert spørsmålspostar undervegs.

Hugs hjelm !

Stad: Ved ballbingen.

14.00-16.00
Diverse aktivitetar i og rundt ballbingen.
• Fotballturnering
• Kafé
• Premieutdeling
• Sykkelcross (BMX-løp),

Stad: Ved ballbingen.

– Vestbøstad Vel ynskjer alle velkomen til Vestbøstad, seier Frode Brakedal til fitjarposten.no, til slutt.