Fjorårets start. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Fitjardalten nærmar seg for 38. gong!

20.oktober går Fitjardalten av stabelen for 38. gong, og arrangørane håpar på god deltaking.

I fjor trassa over 130 store og små det dårlege haustveret, og det vart sett ny løyperekord i både herre- og dameklassen. Meir om det kan du lese her.

Konkurranseklassane startar på den 6,4 km lange runden kl.13.00. Medan dei som ynskjer å delta i turmarsjen startar kl.11.00.

For sjette året vert start og mål ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her kan ein melda seg på til løpa ein time før start. Til konkurranseklassen kan ein alt melda seg på via internett her.

Premiering ved deltaking 1, 3, 5, 10, 15, 20, 25 og 30 gongar. Du får deltakarpremie ved registrering.

Det vert ogso minidalt for dei minste, den startar kl.13.05.

Lykke til!

- Annonse -