Paul Vik gjekk heilt til topps i den største klassen då andre runden av vestlandsmeisterskapet i rallycross blei avvikla i Egersund i går.

Dermed har Paul fått ein strålande sesongstart og leier vestlandsmeisterkapet samanlagt etter to sigrar. Førre helg vann han «versting»-klassen i Vikedal. Og no gjekk han på nytt heilt til topps på den nye banen i Egersund.


Ein optimsitsik Paul Vik på veg mot triumf i Vikedal. Foto: Kjetil Rydland.

Paul stiller i klassen «Free for all» med motorar over 2400 kubikkcentimeter, med ein Volvo 940. I fjor sleit «versting»-volvoen til Paul med den direkte innsprøytinga på motoren. Elektronikken fungerte ikkje skikkeleg, og mykje av sesongen gjekk med til å retta feil.

Men i år ser både mann og bil ut til å vera fulle av energi. Etter førsteplass i Vikedal 18. april og førsteplass i Egersund i går stiller nok ekspressen frå Vik opp som favoritt når neste runde i vestlandsmeisterskapet går av stabelen i Bergen 20.-21. juni.


Paul Vik med to pokalar og gode hjelparar i Egersund etter den flotte innsatsen laurdag. Foto: Privat.