Tysnesfest er over for denne gong, og skulle eg ha kasta ein terning, ville han ha vist fire auge.

Dei har vore flinke, tysnesingane. Dei har fått tak i gode musikarar, der Toto (sjølvsagt) samla det største publikumet, det største engasjementet, den høgaste allsongen og dei lengste bar- og toalettkøane. Ikkje ein gong uflaks med vêret la ein dempar på stemninga. Fredagens nedtur var pausen mellom konsertane med Toto og Ralph Myerz & the Jack Herren Band. Trass i musikk frå den små scena, vart det lengje å vente i det våte vêret, og det var mange som forsvann før dei dyktige musikarane som skulle avslutte konsertkvelden var på plass.

Mykje folk
Laurdagens kveldsprogram trekte òg mykje folk. Odd Nordstoga treff både unge, gamle og dei midt i mellom. Eva  and the Heartmakers fylte tida mellom Nordstoga og Madcon. Sistnemnte kom for seint i gang, noko som var surt for dei som måtte rekke ferja frå Våge og måtte gå medan stemninga var på topp. Etter Madcon sto Hellbillies for tur, og dei avslutta dermed konsertane på festivalområdet.

Tysnesfest er ikkje berre festival med camparar og konsertglade menneske. Det sto mellom anna mykje spennande på programmet hos Haaheim gaard, og i Våge var det mykje underhaldning samt servering frå Bermudatriangel-teltet.
Laurdagen er marknadsdag med kassabilløp, underhaldning fra Havno scene, eit yrande folkeliv og sjølvsagt marknad. Ein av dei som underheldt frå scenen, var Stella Mwangi.

Utfordrande vêr
Er det nokon som er meir opptatt av vêr enn den vanlege vestlending, så må det vere vestlendingar som arrangerer festivitas utandørs. Etter fredagens regntunge kveldsstund, verka det ikkje usannsynleg at marknaden òg ville regne vekk. Dei tunge byene om morgonen lova heller ikkje godt, men det skulle vise seg å vere tørt, og fin temperatur, dei timane det var flest folk i Våge. Uvêret var likevel ikkje over, og det var mange som blei våte på veg for å  hente bilen, eller på veg til campingplassen. Heldigvis var det over ikkje lengje etter at første konsert var i gong, og dei einaste som ikkje var heilt nøgde med opphaldsvêret, var nok dei som selde regncape til våte folk.

Stort dugnadsarbeid
Det har vore utført mykje arbeid i samband med Tysnesfest, og det kan verke som eit heilt lokalsamfunn har vore med på dugnaden. Smilande og blide var dei og, stort sett heile tida, sjølv om regnvêrsutfordringa på fleire frontar var formidabel.