Onar Westerheim har blitt verdsmeister i sprint på skeisebanen Utah Olympic Oval i Salt Lake City i dag.

På ei dårleg Skype-linje frå Salt Lake City får me opplyst at Onar også har sett verdsrekord samanlagt i sprintkombinasjonen. I går fekk han tidene 43,15 på 500 meter og 1.27,03 på 1000 meter. I dag blei dei tilsvarande tidene 43,66 (med siste indre) og 1.26,17. Den nye verdsrekorden lyder på 173,390 poeng.

Med denne poengsummen vann Onar hårfint framfor nederlendaren Jan van der Meulen. Sigersmarginen utgjer berre rundt tre tidelar på den avsluttande 1000-meteren, så det var spaning heilt til siste skjer. På tredjeplass kom nordmannen Alf Gjølga, frå Bjugn. Den tidlegare finske storløparen Pertti Kiiskinen måtte nøya seg med fjerdeplassen. Også Jan Henriksen frå Stord gjorde sine saker bra, og blei nr. 10 samanlagt.

No er det bankett i den verdskjende skeiseovalen i Salt Lake, før turen går heimover via Chicago, Amsterdam og Bergen.