– Den kjende evangelisten Viggo Wilhelmsen kjem til Fitjar og Stord i helga, skriv Frank Håvik i ei pressemelding.

Viggo Wilhelmsen (1944) sto klar til å hoppe i sjøen og gjere slutt på livet. Maskinsjefen orka ikkje meir. Då høyrde han ei stemme: «Viggo, dette er ikke veien for deg.» Frå då av snudde livet hans, og han har no reist verda rundt i snart 30 år. I helga 25.-27. januar er han å høyre på Stord og Fitjar. Fredag kveld og laurdag ettermiddag er det opne samlingar på Ambassaden i Sagvåg. Søndag ettermiddag er det Fitjar som får besøk og det vert møte på Fitjartun.

Viggo Wilhelmsen formidlar eit klart evangelium i både inn- og utland. Han har også i mange år vore engasjert i menighetsarbeid i Korint i Hellas, men 25.-27. januar er han altså å høyre på Stordøya.