Verdsdagen for psykisk helse nærmar seg, og onsdag 25. september inviterer Mental Helse til eit stort arrangement i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

– Verdsdagen er ikkje før 10. oktober, fortel Connie Liv Straume, men av praktiske grunnar skipar me til dette arrangementet i Fitjar allereie onsdag i neste veke.

Ho er styremedlem i Mental Helse Stord/Fitjar, og har stått utanfor Larsen Multihandel i dag i delt ut informasjon om Mental Helse, Verdsdagen for psykisk helse og arrangementet i Fitjar. Saman med seg hadde ho Heine Nysæter, som også er medlem i lokallaget til Mental Helse.

Dei fortel om god respons frå folk dei har møtt på Fitjar denne laurdags føremiddagen. Halvparten av dei forbipasserande visste om både Mental Helse og det komande arrangementet i Fitjar, noko Connie Straume seier seg godt fornøgd med. Ho er og takksam overfor Fitjar kommune, som har vore svært imøtekommande; det same har sponsorane vore, slik at dei har kunna invitera den kjende rapduoen Tonna Brix til Fitjar.

Med på arrangementet i Fitjar kultur- og idrettsbygg elles blir Guri Tysse, regionssekretær i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og Karl Olaf Sundfør, sentralstyremedlem i Mental Helse. Dei vil snakka om årets tema, som er «sjå kvarandre» og «gjer ein forskjell».

Laudag føremiddag har det òg stått representantar for Mental Helse på stand på Amfi-senteret på Stord og utanfor Heiane Senter, og Mental Helse vonar på stor oppslutnad om tilskipinga i Fitar kultur- og idrettsbygg i neste veke.